Nordisk råd har anbefalt dei nordiske landa sine regjeringar bl.a. å utarbeida ein felles nordisk strategi for utvikling og investering i transportinfrastruktur. Dette spørsmålet har også vorte tatt opp her i Stortinget i ein interpellasjon i 2013.
Eg fekk som transportrapportør for Nordisk råd eit lite innsmett på det uformelle nordisk-baltiske transportministermøtet i 2014, sånn at eg kunne presentera synspunkta frå Nordisk råd. I Nordisk råd er transport og transport over grensene eit tema som engasjerer veldig mange – det er vel det som det har vorte stilt flest spørsmål om. Både i Næringsutskottet, som eg er medlem av, og i Miljøutskottet, har me stort engasjement og me jobbar no med bl.a. tog – Oslo–Gøteborg–København, 8-millionarsbyen, for å sjå på korleis me i samarbeid kan få til ein betre, felles, havnepolitikk. Og det trur eg er viktig.
Men i meldinga står det at regjeringa meiner at det nordiske transportsamarbeidet fungerer tilfredsstillande og vert føreslått vidareført framfor å byggja nye strukturar. Men då trur eg statsråden har bomma litt, for Nordisk råd har ikkje bedt om at det skal byggjast nye strukturar, men me ønskjer og vil at ein ved store investeringar i nasjonale samferdselsprosjekt også skal ta omsyn til naboland. Me har teke kontakt med til fagstatsråden, Solvik-Olsen, for å få han til å stille på eit møte med nordiske parlamentarikarar som er engasjerte i gode nordiske samferdselsløysingar.
Den svenske transportministeren har stilt seg positiv til eit slikt møte, men den norske ministeren synest visst det er vanskeleg å få tid til det. Eg synest, dersom det skal vera noko vits i det nordiske samarbeidet, at me parlamentarikarar som møtest fleire gonger i året, må oppleve eit engasjement hos regjeringane våre for dei spørsmåla som me brenn for der.
Difor har eg ei oppmoding til samarbeidsminister Aspaker, som har eit koordineringsansvar for det nordiske regjeringssamarbeidet: Nordiske parlamentarikarar er veldig interesserte i å få dei nordiske samferdselsministrane – særleg den norske, den svenske og den danske – i tale for å drøfta gode og framtidsretta transportløysingar som er effektive, sikre og miljøvennlege for Norden og Nordens nærområde.
Følg vores arbejde på:
https://www.facebook.com/s.nordisk